Kystlynghei er ein trua naturtype som står ovenfor store utfordringar knytt til klimaendringar. Dei siste åra har vi alle fått kjenne på ekstremvær som lengre periodar med tørke, men ein art som virkelig har fått kjenne på det er kystlyngheia si nøkkelart; Røsslyng. Ved å delta på prosjektet så er du med på å finne ut kva vi kan forvente skje langs heile norskekysten dei neste åra som følge av ekstremvær.
Formålet med dette prosjektet er å få eit innblikk i framtida til kystlyngheia i Noreg når den blir utsatt for lengre periodar med tørke. Ved å spire frø under ein tørkegradient, som er samla frå eit tørkeeksperiment, vil ein kunne sjå om foreldra til frøa har ein innverknad på spiringa og om tørke under spiring har ein effekt på spiringsprosenten. Dette vil fortelle oss om korleis kystlyngheia har det idag, og kva som kan bli forventa om ekstremværet fortsetter.
Tasks
Det blir labarbeid der ein skal telle røsslyng frø samla frå Nord Noreg og Lygra.
The project involves: labwork
Starting date/period: 3 Feb 2020 – 12 Jun 2020.
Du som student kjem til å få erfaring i labarbeid og lære meir om prosessen rundt ein master.
Involvement
Maximum 40 hours
Interested by this project? Need more info? Contact Kristine Birkeli (sbkristine@hotmail.com)
Project number: 026