Karbonfanger eller klimabombe? Felt- og labarbeid

Norsk natur er full av karbon, og det aller meste ligg under bakken. Kaldt og vått klima forsinkar nedbrytninga av daude plantar, dyr og mikroorganismar, og organisk materiale har hopa seg opp sidan siste istid. No endrar klimaet seg, og fleire stadar ser vi at naturen går frå å vere ein karbonfangar til å bli ei klimabombe. Skjer dette også rett utanfor stovedøra vår i Bergen?

 

Project description

I 2017 starta vi eit klimamanipuleringsforsøk der vi etterliknar meir ekstremver på vestlandet. Vi ser allereie at plantane som vert utsett for denne manipuleringa blir stressa og endrar veksten sin. No står karbonlagra for tur. Greier kystnaturen framleis å lagre karbon i ei tid med meir ekstremver, eller har den begynt å lekke gamalt karbon til atmosfæren?

 

Tasks

Bli med til vakre Lygra for å hente jordprøvar, og inn på labben for å måle kor mykje karbon som er i denne jorda. Det er mulig å delta berre i felt eller berre på lab. Arbeidstider er meget fleksible, men arbeidet bør skje i august og september 2020.

 

 

The project involves: labwork / fieldwork

Starting date/period: 28 Jul 2020 – 30 Sep 2020.

 

Experience

Du vil lære korleis vi designar eit eksperiment og kva ein kan gjere for å redusere side-effektar av eksperimentet. Du får opplæring i felt/på lab, og lærer grunnleggande prosedyrer for å sikre etterprøvbarhet og datakvalitet.

 

Involvement

5-8 timer per økt

 

Interested by this project? Need more info? Contact Siri Haugum (Siri.Haugum@uib.no)

Project number: 030

 

 

 

 

Leave a Reply